tirsdag 3. januar 2017

Vinteren kom i går



                                    Det vart mykje aking i bakken, på både matter og akebrett...
 
Å gå i snø kan være både utfordrande og gøy... 
For små føter vert det tungt når snøen er langt opp på føtene, ei anna utfordring er at det vert gjerne glatt å gå. Utfordringar å overvinne, men dette skal også lærest.

Desse akemattene har vi mange av i barnehagen og dei er veldig populære!

      På småbarnsavdelingane hadde dei laga ein kjempestor snømann den første snødagen 😊

onsdag 21. desember 2016

Nissefest i barnehagen!

Idag har det vore Nissefest i barnehagen. Både barn og vaksne var utkledd som nissar, og vi har kosa oss med felles samling. Der sang vi julesongar og personalet i barnehagen hadde øvd inn ei dramatisering som dei viste fram. Det var eventyret "Skinnvotten". Barna syns det var kjekt å sjå at dei vaksne var utkledd som forskjellige dyr og levde seg inn i eventyret. 

Etter samlinga var det felles lunsj med nissegraut og saft, og plutselig dukka sjølvaste julenissen opp. Han hadde med seg ein stor sekk, og i den var det godteposar til alle. Alle saman venta spent på at det var deira tur til å bli ropt opp, og var flinke til å takke fint for gåva fra nissen. Mange ville også gi nissen ein god klem, og hadde mykje å fortelje. 

Tilslutt avslutta vi nissefesten med julespelet til Friskus, før vi gjekk rundt juletreet og song julesongar.
 
Personalet spelte eventyret "Skinnvotten", her er mannen ute å lufter hunden sin, då han mista votten som alle dyra ville bo i.
Alle barna følger spent med.
Sjå kven som kom!
Takkar fint for godteposen!
Ein god klem!
Frå julespelet til Friskus. Gjetarane varmar seg på bålet, mens dei tre vise menn på besøk hjå Josef, Maria og Jesusbarnet.
Vi gjeng rundt juletreet

tirsdag 20. desember 2016

Juleforbereding på Friskus!

Jula nærmar seg, men i barnehagen tek vi det med ro. Målet for adventstida i barnehagen er at barna skal få lære om innhald og tradisjonar rundt julefeiringa, og at dei skal få oppleve ro og kos denne tida som ofte er prega av stress og mas.

Kvar dag i Desember har vi adventstund på avdelinga. Vi har laga oss ein adventskalender med pepperkakehjarter, og vi trekker lapp kvar dag om kven sin tur det er å få dagens pepperkake. Og så får vi høyre litt om da Jesus vart født, og vi tenner lys på adventsstaken og syng julesongar.

Vi har øvd ein del på julespelet. Barna fekk roller som Josef og Maria, gjetarar, englar og vise menn, og julespelet vart framført framfor foreldre, sysken og besteforeldre på julefesten tidligare i desember. Det er fast tradisjon i barnehagen at dei eldste barna framfører julespelet på julefesten, så det har dei gleda seg til. Endelig var det deira tur, og dei var kjempeflinke!

Vi har også vore på julevandring i Brattvåg Kyrkje den 30. november. Der fekk barna roller fra julespelet og var med på reisa til Betlehem der Jesus vart født.

På Luciadagen, 13.12, var vi på besøk på omsorgsheimen. Der gjekk vi Luciatog og sang julesongar for dei eldre. Det satt dei stor pris på. Etterpå kosa vi oss med pizzasnurrar på Kulturkaféen.

Ellers har vi sjølvsagt baka julekaker og laga julegåver, og barna gler seg veldig til å ta med seg posane med julegåver heim.


Pepperkakebaking.

På julevandring i Kyrkja. Barna fekk "skrive seg inn i mantallet".



Dei tre vise menn kom med gåver til Jesusbarnet.
13.12, på besøk på omsorgsheimen.
Vi kosar oss med pizzasnurrar på Kulturkafeen.

Rammeplan om Etikk, religion og filosofi:
Gjennom arbeidet med etikk, religion og filosofi skal barnehagen bidra til at barn får innsikt i grunnleggjande verdiar i kristen og humanistisk arv og tradisjon og deira plass i kulturen.

Vi ønsker alle ei flott julehøgtid!

tirsdag 29. november 2016

KVEN ER DET SOM TRAMPAR PÅ MI BRU?


 
Barnehagen må gi barn høve til å oppleve kunst og kultur og til sjølve å
uttrykkje seg estetisk. Å vere saman om kulturelle opplevingar og gjere eller
skape noko felles, bidreg til samhøyrsle 
 
(Rammeplan for innhaldet og oppgåvene i barnehagen)


Småbarnsavdelingane Skogstjerna og Tiriltunga har i perioden august-september hatt eventyr som tema, og det har vore ei periode prega av forteljing, dramatisering, forming og dansing. Eventyret vi har hatt fokus på er «Dei tre Bukkane Bruse». Eit velkjent eventyr for dei aller fleste, men likevel ganske nytt for dei minste i barnehagen. 




Barna viste stor interesse for eventyret og dei konkretane som blei brukt. Dette viste dei igjennom leik og ved å ta initiativ til å få sjå i boka, dramatisere og synge songen «Lille Bukken Bruse trippa over trollebru». For dei som har tatt turen inn på avdelingane kunne de og sjå at avdelingane var prega av eventyret i form av flotte, kunstneriske veggpryd laga av borna, og konkretar som blei tatt i bruk.


Barna har fått lage flotte bukkar med ekte ull, sjå kor flotte dei blei!

 I djup konsentrasjon...


 Alle dei fine bukkane våra har vi hengt opp inne på fellesrommet. Kvar avdeling har fått kvar sin vegg til rådigheit inne på fellesrommet der vi kan henge opp ulike ting som vi lagar i tråd med fokusområdet vårt som i år er "Kunst, kultur og kreativitet". 


Ved å henge opp ulike bileter frå eventyret inne på avdelinga fikk barna muligheit til å ta i bruk språk og mimikk på eige initiativ. Barna fikk da invitere andre med seg til samtale og sang.

Som ei fin avslutning på prosjektperioden valgte vi saman med barna å arrangere ein trollfest for småbarnsavdelingane. Og det kom mange sjarmerande småtroll i barnehagen den dagen. Dei vaksne dramatiserte først eventyret for barna, deretter fekk barna prøve seg. Vi koste oss med sang, dans og nybakte bollar som vi hadde baka sjølve.










I desse dagar er det advent og jul som står i fokus, og vi er allereie i full gang med juleverkstad.  Målet for adventstida i barnehagen er at barna skal få lære om innhald og tradisjonar rundt julefeiring, og at dei skal få oppleve ro og kos denne tida som ofte er prega av stress og mas.